Håvard Stone (Istad) er død i Woodstock, Ill., USA, 70 år gamal. Han var berre 15 år gamal då han fylgde ein av farbrødrene sine til Amerika. Der kom han straks i arbeid ved ein skrivemaskinfabrikk i Woodstock, Ill., og på den fabrikken arbeidde han i 55 år. Fyrst var han tool-maker (verktymakar), men seinare kom han over til sjølve fabrikasjonen av skrivemaskinane, og han vart sidan formann der.
Håvard Stone vart gift med Anna Lidsheim frå Vestbygdi på Voss. Dei hade 3 søner og 1 dotter. Dotteri er gift i Detroit, Michigan. Ein av sønene arbeider i ein fabrikk i Woodstock, ein er arkitekt og ein er prest.
I 1908, 1948 og 1955 var han heimatt til Noreg. Siste gongen var han og kona hans her i fleire månader. Dei vitja då slektningar og barndomsvener. Men dei tok òg lengre turar under siste opphaldet i Europa, såleis vitja dei Nord-Noreg, Sverike og Danmark. Håvard Stone var svært interessert i fargefotografering, og han tok opp fleire gode filmar frå desse reisene. Han var ein sers staut og gild mann, og alle som kjende han syrgde over at han er borte.
Fred over minnet. S.
Dødslysing :
Vår kjære Håvard Stone (Istad)
døydde i Woodstock, Ill., USA, 20. Oktober 1958, 70 år gml.
Anna Stone, f. Lidsheim, USA.
Sigrid Helgeland, f. Istad, USA.
Aslak Istad, Voss.
Kjelde : Avisa Hordaland 29/10-1958 og 1/11-1958.