Øvstkommanterande på slagskipet «North Carolina» er av vossa-ætt.
«Nordisk Tidende» fortel at øvstkommanderande på det nye store amerikanske slagskipet
«North Carolina», kaptein Olav Hustvedt, er av norsk ætt.
Han er fødd i Chicago 1886, foreldri er og fødde i Amerika, men besteforeldri kom frå Noreg.
Ein bestefar kom frå Vinje i Telemark og ei bestemor frå Voss.
Kaptein Hustvedt fekk si fyrste utdanning ved Luther College i Decorah og gjekk deretter sjøkrigsskulen. – Han kan lesa norsk flytande, seier han, men han vil ikkje skryta av si evne til å tala det. Han har lese Ibsen, Bjørnson og andre klassikarar på norsk, og dei nyare norske forfattarane på engelsk. Når ein talar med han, får ein ei kjensle av at det er ein mann som er stolt over at han er av norsk kultur gjennom lesing og på andre måtar, skriv bladet.
«North Carolina» er på 35 000 tonn og har 1800 mann. Det har 9 kononor på 16 toms kaliber.
Kjelde : Avisa Hordaland 24/5-1941