Eide, Odd Knutson

Vossingen Odd Eide vald til legislaturen i Minnesota.
Vossingen Odd Eide er vald til medlem av Minnesota`s legislatur (lovgjevande forsamling) med det største røystetal i krinsen sin. Han hadde 1000 fleire røyster enn næstemann.
Odd Eide som er son til huseigar Knut Eide på Vossevangen, er ein mann i 45-års alderen og er forretningsmann i Fertile.

Kjelde : Avisa Hordaland 22/12-1928

Minneord om Odd Eide.
Eit blad i Fertile, Minnesota, skriv m.a. om vossingen Odd Eide som døydde i Amerika i sommar : «Fertile er i sogn i dag. Byen har mist ein av fyregangsmennene sine i forretningslivet. Me har mist ikkje berre ein uvanleg populær pioner i foretningsbransjen, men ogso noko av «civic-åndi» i kommunen og byen, og det vert eit stort tap.
Som fyregangsmann på mange omkverve la Eide ned eit stort arbeid både for Polk kommune og for staten sin, der han var medlem i legislaturen frå 1929 til 1935. Han gjorde seg der sermerkt og var mykje vyrd. I Fertile var han med i styret for Concordia Lutherske kyrkje og var ei tid formann. Likeeins var han medlem og ei tid formann i «Sønner av Norge» - losjen i Fertile. Si gamle heimbygd i Noreg, Voss, gløymde han heller ikkje, og hadde stor interesse for det Nasjonale Vossalaget, og var formann for det nokre år.
Han heldt seg aldri tilbake og let andre gjera det arbeidet som var å gjera, men gav på alle måtar sin fulle stønad til arbeidet var gjort. Hans gode hjartelag var velkjendt, og mange var dei som han gav ei hjelpande hand. Ikkje minst i dei tronge åri.
Odd Eide er gjupt sakna av oss alle.»

Kjelde : Avisa Hordaland 20/9-1952

Odd Knutsen Eide
døydde den 21. juni 1952 i Fertile, Minn., U.S.A., 69 ½ år gamal.
Skyldfolket på Voss.

Kjelde : Avisa Hordaland 30/7-1952