Edahl, Ole J.

Ein velkjend mann på Vangen, norsk-amerikanaren
Ole J. Edahl, fyller 85 år 5. mars.
Han er fødd på Bolstadøyri, der far hans var handelsmann. I 1887 reiste han til Nord-Noreg og var med på stikkingi av Ofotbanen. Han var med på dette arbeidet eit par år, var so heime ei kort tid og reiste hausten 1889 til Amerika.

Det var i Chicago han slo seg ned, var fyrst køyrar i ei støtte manefakturforretning og vart sidan oppteken i forretningi, der han var i 35 år. I 15 år dreiv han so ein bok- og papirhandel. Han overlet då forretningi til versonen og tok seg ein tur til Noreg. Han vart heime lenger enn han var tenkt til, av di Noreg kom med i krigen og det var uråd for han å reisa til Amerika att so lenge krigen varde.

Etter frigjevingi reiste han til Amerika att, men då hadde han vore so lenge heime at han treivst best her. Han kom difor snart heimatt for å slå seg til her for godt.

Ole Edahl var gift med Marta Skorve frå Evanger. Ho døydde i 1925. Dei hadde to born, ein son og ei dotter, men no er det berre sonen som lever. Han er lækjar og er busett i Texas.

85-åringen er framleis frisk og kjekk.
Me ynskjer til lukka med dagen !


Kjelde : Avisa Hordaland 1/3-1952