Ung vossing drepen ved bilulukke i USA.
Ei tragisk bilulukke i Colorado kosta den 24 år gamle vossingen Reidar Brekke livet. Det var ein møtande bil som var årsak til ulukka då han køyrde på feil side. For å unngå front mot front kollisjon kasta Brekke bilen til sides i siste liten. Bilen gjekk rundt fleire gonger. Brekke vart kasta ut og hamna under bilen.
Leif Grevle var med i bilen, men kom frå det utan nemnande skade.
Reidar Brekke var ein flink alpinist og ein dugande skitrenar hjå Trygve Berge i Breckenridge die siste to sesongane og var no saman med Leif Grevle på sumararbeid.
Kjelde : Avisa Hordaland 19/6-1968