Historiske vedtekter

Historiske vedtekter

Vedtektene frå skipinga i 1908:

Lover for Voss Sogelag

§ 1.

Voss Sogelag hev til uppgaava:

  1. Aa samla det, som let seg, og ellest i det heile aa varna um slikt som vitnar um liv og sed, hendingar og tilstand i Vossebygdene i farne tider, som t.d. gamle brev, skrifter, fråsegner og andre minne.
  2. Aa gjeva ut skrifter eller meldingar um det som laget hev samla, og elles i det heile aa arbeida for aa spreida kunnskap um og vekkja hug for Vossebygderne si soga.

§ 2.

Med i laget er alle som fær seg innskrevne og betaler minst 1 kr i årspengar.

§ 3.

Laget skal hava eit styre paa 4 mann, som vert valde på årsmøti, og desutan ein skrivar eller arkivar som vert vald av hine styremedlemene og stend til han vert uppsagd eller segjer seg upp. Styret vel seg imillom for kvart år formann, varaformann og kassestyrar.

Vert ein styresmedlem, som er vald på årsmøtet, teken til skrivar, vert fyrste varamann fast styresmedlem. Styret skal stå for arbeidet. Det kan velja seg hjelpesmenn millom lagsfolket kringum i bygderne.

§ 4.

Laget skal halda årsmøtet kvart år i januar eller februar. På møtet skal styret gjera greie for arbeidet i det året som er gjenge, og leggja fram rekneskap, som skal vera gjenomsedd av to mann, valde på årsmøtet fyreåt. Møtet skal velja to styresmedlemer i staden for dei som hev stade i styret i to år og desutan fire varamenn.

På fyrste årsmøtet gjeng to styresmedlemer ut etter lutkasting. Røysteret hev alle som hev betalt årspengarne for det siste året. Vali skal gå føre seg med setlar. Dei som ikkje kan møta fram kan senda røystesetlar til årsmøtet.

§ 5.

Desse loverne kann ein brigda på eit årsmøte, dersom framlegg til brigde er framsett av ein styresmedlem og kunngjort av styret minst 2 månadar fyreåt, når minst 2/3 av dei som røystar er med på det.