Tur til garden Hustveit

Skjermbilde_2025-05-26_kl._10.57.25.png

Voss Sogelag og Voss Utferdslag skipar til tur til garden Hustveit sundag 1. juni

Oppe på garden vil medlemer frå stiftinga Hustveitgarden ha omvisning i dei flotte bygga, og fortelja om historia til Hustveitgarden, som er under rehabilitering. 

Voss sin fyrste ordførar, David Larsson Hustveit, vaks opp og budde her. Han var ordførar i 1837–1841 og 1850–1857 

 På tunet står fire bygg; Gamlestova - truleg frå 1600 talet, Nyestova - frå 1926,  Bualoftet og løa. I tillegg er det eit sel på stølen Helset.

Voss kommune fekk garden i gåve i 1952.

 «Hustveitgarden venelag» vart skipa i 2016 for å berga garden og hausten 2017 vart «Stiftinga Hustveitgarden» etablert.

I 2018 fekk stiftinga skøyte og konsesjon til å overta heile garden og sidan har det kvar år blitt gjort mykje arbeid på garden.

Parkering vert ved Vetlavatnet og turen startar frå Leidalsbrua kl. 13:00.