Mange trassa regnet og vart med på tur.

Søndag 14 september arrangerte Voss sogelag, Voss Utferdslag og Stiftinga Bergsliminne tur i høve kulturminnedagane. Omlag 25 personar møtte opp og var med på turen, trass regn og dårleg ver.
Knut Farestveit frå sogelaget og Bjarne Hjelle frå Utferdslaget var lokalkjende og fortalde mykje interessant oppover vegen frå Gjernesbrua, via Breidablikk og til Gjelle.

Kristense Bergslien, mor til Knud og Brynjulf Bergslien kom i frå Gjelle, så ein fekk sett garden ho kom i frå.
Etterpå var det kaffi og vafler på Dagestadmuseet, der Laila Rynning Veum frå stiftinga Bergliminne fortalde om brørne Knut og Brynjulf Bergslien.

Takk for turen.
Ingvill Knapstad Bidne - leiar Voss sogelag