Featured

Mange frammøtte på møte om Kongevegen og dei gamle postgardane

Tysdag 13. mai heldt Voss sogelag møte om Kongevegen i Voss herad og dei gamle postgardane. Sogelaget er i gang med å få GPS registrert vegen og samle inn stadnamn og kulturminne langs Kongevegen, slik at det kan verte sett opp skilt langs ruta. I tillegg ynskjer sogelaget å samle mest mogeleg informasjon om dei gamle postgardane som var på strekninga.

Heile 24 personar var samle i Tinghuset denne kvelden, deriblant representantar frå Voss herad, Vossestrand sogelag, Vassvøre sogelag, privat personar og endå til Vaksdal historielag var representert.

62da605c-648f-442c-9778-d39ff1367b36.jpeg

Ingvill Knapstad Bidne - leiar i Voss sogelag, leia møtet og presenterte bakgrunnen for prosjektet.

1414e671-62cd-450a-9141-e403d63f185e.jpeg

Sondre Een Kvalfoss frå Voss herad har jobba med å få overført data frå gamalt kart (frå 1865) over vegar i Voss herad til nytt kart, og lagt inn GPS koordinatar. Ole Kristian Årmot frå Vossestrand sogelag fortalde om spanande ny teknologi, som kan avdekke gamle vegar i terrenget, ved hjelp av såkalla LIDAR teknologi. 

Mykje engasjement og gode idear kom fram i løpet av kvelden.

Om nokon har kjennskap til Kongevegen, veit om gamle stadnamn eller kulturminne langs vegen eller har nokon informasjon om dei gamle postvegane, ynskjer me at ein tek kontakt med oss. 

Medlemer i arbeidsgruppa for Kongevegen; Magne Berge, Sigbjørn Belsnes, Aslak L. Helleve og Ingvill Knapstad Bidne