«Hustveit. Ei litterær-musikalsk utvandringshistorie» - rabattert pris for medlemer i Voss sogelag

Osafestivalen inviterte alle medlemslaga i Hordaland sogelag til framsyninga «Hustveit. Ei litterær-musikalsk utvandringshistorie» sundag 26. oktober 18.00 i Voss idrettshall. Framsyninga var ein del av Osafestivalen 2025.

Skjermbilde_2025-10-27_kl._18.48.06.png

 

Velkomen til ei litterær-musikalsk framsyning om utvandringa frå Voss, med eit nydeleg ensemble av skodespelarar og musikarar, tekst og melodi, og med historiske foto i Voss Idrettshall.

Dette er historia om David Hustveit, første ordføraren på Voss, etter at Formannskapslovene vart innførde i Noreg i 1837. Hustveit kan såleis kallast lokaldemokratiets vogge på Voss. David Hustveit var ein kunnskapsrik og omtykt bonde som budde utanfor allfarveg på Hustveit, på andre sida av den kjende Tvinnefossen. Yngste sonen hans, Ivar, emigrerte til Minnesota, og ei av etterkomarane er den kjende forfattaren Siri Hustvedt, busett i Brooklyn.

Liv Bernhoft Osa og Ingjerd Dymbe Anda – idé Dag Helleve – tekst

Irene Tillung – komposisjon, akkordeon

Kjell Herheim – foto

Liv Bernhoft Osa – framføring av tekst 

Helge Jordal – framføring av tekst 

Alexander Aga Røynstrand – hardingfele 

Bjørnar Ekse Brandseth – gitar

Bjørnar Kaldefoss Tveite – kontrabass

Skjermbilde_2025-10-16_kl._09.55.53.png