Felles stormøte om kartfesting av Kongevegen i Voss Herad

Tysdag 13. mai kl. 19:00 - 21:00 i Voss Tinghus vert det møte om prosjektet "GPS registrering av Kongevegen" i Voss Herad

Voss Sogelag er i gang med å få gjennomføre kartfesting av Kongevegen i Voss Herad. Planen er å få GPS registrere vegen, samt samle inn stadnamn langs vegen og få sett opp skilt, registrere kulturminne og evt samle gamle bilete.

Me ynskjer og å registrere postgardane langs ruta.
Har du noko som helst kjennskap eller informasjon om Kongevegen eller Postgardane ynskjer me å invitere deg til fellesmøte i Tinghuset på Voss. Her vil representantar frå Voss sogelag, Voss herad, Vassvøre sogelag, m/ fleire vere tilstades.

Me er veldig interessert i all informasjon me kan få, vert glade for alle som vil hjelpe oss, så kom gjerne på møtet!!

Ingvill Knapstad Bidne - leiar Voss sogelag