Sundag 14. oktober skipa Voss sogelag til tur saman med omvisar Gunnar Hemre Ringheim rundt på Vangen.
Turen gjekk på austre del av Vangen.
Sundag 14. oktober skipa Voss sogelag til tur saman med omvisar Gunnar Hemre Ringheim rundt på Vangen.
Turen gjekk på austre del av Vangen.
Laurdag 13. oktober skipa Voss sogelag tur til Sigmund Gjernes sine flotte samlingar av post, butikk og jernbane heime på Vethe
Mange møtte opp denne dagen!
Fylgjande bøker er tilgjengelege for sal.
Henvend deg til bokhandel Ullestad på Vangen eller Voss herad sitt servicetorget i Tinghuset!
Voss sogelag skipar til to såkalla lågterskelturar i haust. Den første går laurdag 11. oktober. Då går turen til Vethe på Bulken. Det skal me besøkja Sigmund Gjernes og sjå dei fantastiske samlingane i løa hans. Han har bygt opp ei flott postsamling. Samlinga inneheld unike effektar frå posten si lange historie, alt frå gamle posthorn og uniformar til postsekker og frimerke, alt har si historie.
I eit anna rom finn me NSB utstilling. Her vil få sjå og oppleva ei reise gjennom gode gamle NSB si historie. Det må berre opplevast.
Sist men ikkje minst, får vi sjå landhandelen/krambua Sigmund har laga inne på låven. Det er som å koma inn i ei anna tid, før tida med handlevogner og sjølvbetjening. Her får me sjå alt slik det ein gong var på krambua. Bak disken står sjølvsagt Sigmund og fortel om samlinga si. Nytta høve til å oppleva fortida i løa til Sigmund Gjernes laurdag 11. oktober.
Den andre turen i haust, vert framhald frå i fjor haust då sogelaget arrangerte rusletur på Vangen. Gunnar Hemre Ringheim fortalde då om «Gamle Vangen» Den gong var det Vangen vest, frå stasjonen og innover til området rundt Voss Ungdomshall han tok føre seg.
Sundag 12. oktober vert det ny rusletur. Denne gongen vil Gunnar Hemre Ringheim ta for seg austre delen av Gamle Vangen, det vil seia frå Ungdomshallen og innover mot Langabrua. Få kjenner Gamle Vangen som han. Me får ei grundig innføring av korleis Vangen var før det meste vart lagt i grus under bombinga i slutten av april 1940. Set av nokre timar sundag 12. oktober og nytta høve til å høyra Gunnar Hemre Ringheim fortelja mykje god historie.
Turane er opne for alle!
VOSS ÆTTESOGELAG
tysdag 4. november,
tysdag 2. desember,
tysdag 6. januar,
tysdag 3. februar,
tysdag 3. mars
tysdag 7.april.
Møtetid : kl. 18.30 til 21.00.
Møtestad : Voss kulturhus, biblioteket
Alle interesserte er hjarteleg velkomne !
Årsmøte og historiske dagar i Hordaland sogelag, paraplyorganisasjonen for historielaga i Hordaland. Frå Voss sogelag sit Knut Farestveit i styret i Hordaland sogelag, og Jan-Egil Mandelid kom inn som ny i valnemnda.
Link : Sjå bilete og video (Facebook)